Vil lage elektriske bilar av tomflasker


Etter inspirasjon frå Reodorklubben i Førde, startar Reodorgarasjen no opp i Høyanger og skal vere eit lågterskel kveldstilbod for alle unge skaparspirer i regionen.

«Nøtt’itte å bygge bil da vettu, når’n itte eier nåla i veggen», sa Reodor Felgen etter forsøket på å bygge racerbil av delane han hadde i vognskjulet. Og mykje som i dei populære historia frå Flåklypa skal deltakarane i Reodorgarasjen bygge fantastiske oppfinningar ut i frå nokon andre sitt søppel og skrot.

– I Reodorgarasjen vil vi lære deltakarane om miljø, og vil difor i størst mogleg grad bruke resirkulerte og brukte delar til oppfinningar. På søppelfyllinga kan ein finne mykje inspirasjon og delar til nye, flotte produkt, fortel Ståle Walsvik som er avdelingsleiar for yrkesfag på Høyanger vidaregåande skule til Ytre Sogn.

Det var Walsvik som kom opp med idéen om å starte ein slik klubb i Høyanger, men har aldri vore med på noko slikt før, og har henta mykje inspirasjon frå Reodorklubben i Førde.

– Kva legg de i namnet Reodorgarasjen? – Det er jo med tanke på Reodor Felgen som fiksa og oppfann det meste, og så valde vi å bruke «garasjen», då vi skal bruke den gamle ambulansegarasjen som lokale, svarar Walsvik og legg til at det er deltakarane sjølv som skal bygge om ambulansegarasjen til sin eigen verkstad.
Den har nemleg ikkje vore i noko særleg bruk etter at ambulanselinja vart lagt ned i 2014, og passar perfekt som verkstad for unge oppfinnarar.

Les meir i Ytre Sogn fredag!