Vil la Hovlands kafé stå


Det skal ikkje gjerast tiltak som endrar bygningsmiljøet i Vadheim sentrum vest. Det omfattar også Hovlands kafé.

Det ligg i alle fall inne i framlegg til detaljreguleringsplan for området, som Planutvalet i Høyanger på møtet i dag vedtok å leggje ut på høyring.

–Vi skal søkje å ivareta bygningsmiljøet i området, og ikkje gjere tiltak som gjer at det endrar seg. Det legg også føringar når det gjeld Hovlands kafé, og at den skal vere som den er no, sa kommuneplanleggjar Synne N. Vefring då ho orienterte utvalet om framlegget.

Bakgrunnen for at planen no kjem opp er eit ønskje frå Borks Ferienhäuser om å utvikle området vidare med omsyn til utleigebustader. Det er også dette selskapet som eig Hovlands kafé, og som tidlegare i år søkte om løyve til å rive den for å sikre betre tilkomst til området.

– Vi har hatt dialog med eigar som også har ønskje om den type utvikling vi her legg opp til, sa Vefring.

Og ifølgje kommuneplanleggjaren inneber det også at han no opnar for å rehabilitere den gamle kaféen.

Vidare er det i planframlegget sett ein del på tilkomsten til området.

– Sidan det ikkje er mogleg å ha den på E39, må vi framleis bruke dagens tilkomstveg, forbi kaféen. Det er ikkje ei fullverdig god løysing. Men det er beste vi kan finne når vi skal bevare bygningsmiljøet, sa Vefring.

–Vi skal søkje å ivareta bygningsmiljøet i området, og ikkje gjere tiltak som gjer at det endrar seg, sa kommuneplanleggjar Synne N. Vefring (biletet, i midten) då ho orienterte Planutvalet i Høyanger om detaljreguleringsplanen for Vadheim sentrum vest.