Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

Vil koste 15,4 mill å rehabilitere lågbygget

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 21. september 2020

Rehabiliteringa av lågbygget til Høyangerhallen kan bli 6-7 millionar kroner dyrare enn det som har vore budsjettert med.

Auka prisar i marknaden og nye brannsikringstiltak er blant årsakene til at prisen no er komen opp i 15,4 millionar kroner. 



I fjor vart taket på høybygget teke, og no står lågbygget for tur. I utgangspunktet var det sett av 9 millionar kroner til å bytte ut tak, samt å oppgradere garderobar. Sidan har kommunen henta inn tilbod på arbeidet, og utifrå pris og kvalitet valde dei å gå for det til 13,2 millionar kroner.

Kommunestyret vart orientert om dette i møtet torsdag.



– Medan vi har arbeidd med planane har vi stilt ein del kritiske spørsmål, blant anna når det gjeld branntryggleiken. Vi ser at det kan vere fleire tiltak som bør vurderast å ta med når ein likevel skal rehabilitere denne delen av hallen, seier prosjektleiar Bjørn Berstad i Høyanger kommune til Ytre Sogn.



Det første omfattar varsling, både i høve til dei som er inne i hallen og opp mot alarmsentralen.



– I dag må til dømes dei som er i hallen varslast over høgtalaranlegget. Det er ikkje ideellt, påpeiker han.

Når det gjeld rømmingsvegar trekk han spesielt fram døra oppe, bak tribuna.



– Den fører ut på taket, og derifrå må ein hoppe ned – tre meter – for å kome seg vekk. Vi føreslår difor å flytte rømmingsdøra, byggje ein landgang bortetter taket, der ein til slutt kjem seg ned ei trapp. 

Dette har åleine ein kostnad på 600 000 kroner. 



Les meir i neste Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord