Vil ikkje tilrå riving av Hovlands kafé


Sogn og Fjordane fylkeskommune kan ikkje tilrå riving av Hovlands kafé i Vadheim, slik det er søkt om.

Det går fram av ein uttale dei no har sendt Høyanger kommune, etter at sistnemnde bad om det. Representantar frå fylkeskommunen si nærings- og kulturavdeling var også med dei på synfaring tidlegare denne månaden.

– Hovland kafé var i over 100 år ein sentral møteplass både for lokalbefolkninga og dei som reiste om Vadheim. Kafeen ligg i eit område med fleire eldre bygningar og dannar på den måten eit viktig kulturmiljø rundt torget og ekspedisjonen. Med den historia Vadheim har som trafikknutepunkt, mellom ferdselen på fjorden og trafikken over land, har Hovland kafé over lang tid hatt ein sentral rolle som serveringsstad og sosial møteplass. Den kulturhistorisk verdien av kafébygningen må av den grunn reknast for å vere av lokal og til dels av regional kulturminneinteresse, går det fram av skrivet, som er underteikna assisterande fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad og seniorrådgjevar Knut Åland.

Dei peikar også på at for utvikling av ny servisen- og reiselivsnæring i Vadheim, kan kaféen framleis spele ei viktig rolle. Bygningen er i forholdsvis god stand.

– Ut i frå ei kulturminnefagleg vurdering kan Sogn og Fjordane fylkeskommune difor ikkje tilrå søknaden om riving av Hovland kafé slik det er søkt om. Vi vil her tilrå at det vert teke kontakt med Norsk kulturminnefond som på visse vilkår gjev økonomisk støtte til restaurering av bygningar i privat eige.