Vil ikkje måtte symje i søppel


17.mai nærmar seg og i god tradisjon stiller Høyanger skule opp for å rydde bygda til den store dagen.

Tysdag morgon var heile 38 førsteklassingar i full gong, og det var ingen tvil om kvifor dei rydda.

-Vi ryddar i dag fordi at om vi ikkje hadde gjort det, så hadde det vore så mykje søppel at vi måtte ha symd gjennom det. Og det vil vi ikkje, fortel ein engasjert Hareth Jassem Al_saleh som er ein av dei 38 førsteklassingane som ryddar til den store dagen.

Å rydde til 17.mai har lenge vore ein tradisjon på Høyanger skule og er tydeleg noko både elevane og lærarane set pris på.

-Det er viktig at det er fint i Høyanger på 17.mai og difor ryddar vi, fortel ein av dei andre elevane, Ingeborg Walsvik, som meiner at dei minst har rydda 30 søppelsekkar!

-Eg er usikker på når det starta, men dette har lenge vore ein årleg tradisjon for skulen, seier ein av kontaktlærarane til elevane, Randi Rusti, og fortel at det ikkje berre er skulen dei ryddar, men heile bygda.

Les meir i Ytre Sogn fredag!