Vil ha utgreidd grensejustering


Fylkesmannen tilrår at det vert sett i gong ei utgreiing knytt til grensejustering mellom Balestrand og Høyanger når det gjeld Nesse skulekrins.

Det kjem fram i eit skriv dei no har sendt Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som ønskjer oversikt over aktuelle grensejusteringar basert på lokale initiativ i Sogn og Fjordane. Der kjem det også fram korleis dei enkelte kommunane stiller seg til initiativet, og kva som er Fylkesmannen si tilråding med omsyn til vidare prosess.

Her i fylket gjeld det tre lokale initivativ, blant anna Balestrand og Høyanger og Nesse skulekrins. Bakgrunnen er søknaden frå Nesse grendelag som vart sendt til Fylkesmannen i mai 2016, med ønske om at skulekrinsen deira blir del av Høaynger kommune.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!