Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. juli 2018
Ytre Sogn 19. juli 2018

Ingunn Kandal (t.h.) er glad for det positive svaret frå ordførar Petter Sortland (t.v.) når det gjeld å starte ein diskusjon om kva ein skal påleggje elevar av lekser.

Prøveprosjekt med leksefri skule

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 23. juni 2018

Ingunn Kandal og Raudt Høyanger vil at det blir sett i gong eit prøveprosjekt om leksefri skule ved ein eller fleire skular i kommunen. Ordførar Petter Sortland er positiv.

Kandal tok opp saka i kommunestyremøtet tysdag, der ho møtte som vararepresentant for partiet. Ho peika blant anna på at lekser har vore ein del av det norske skulesystemet i alle år, sjølv om det ikkje er gitt noko påbod om det i læreplanane.

– Lærarane gir lekser fordi dei sjølve fekk lekser, trass i at forsking slår fast at det er med på å reprodusere sosiale forskjellar. Lekser gjer dei flinkaste elevane litt betre, og dei svakaste litt dårlegare, sa Kandal, som sjølv har vore lærar i meir enn 40 år, på møtet.

Ho sa at dersom lekser skal ha nokon verknad, føreset det at alle gjer leksene kvar gong.

– Men slik er det ikkje i skulekvardagen, sa ho.

– Dei som ikkje har fått gjort eller fått til leksene hamnar stadig lenger etter. Dei møter på skulen med dårleg samvit, føler seg dumme og prøver å skjule at dei ikkje har gjort leksene. Dei oppfattar ofte læraren som ein som kontrollerer om leksene er gjort. Nokre blir stille og usynlege, andre kompenserer med usosial åtferd og mobbing, sa Kandal.

Ordførar Petter Sortland (Ap) sa at skulane i kommunen gjerne må starte ein diskusjon om kva ein skal pålegge elevar av lekser.

– Men dette må gjerast i samarbeid med Foreldrearbeidsutvalet (FAU) og Utval for oppvekst, sa Sortland.

Han vil difor be rådmannen om å starte eit slikt utgreiingsarbeid.

– Ein føreset då at alle partar blir involverte og høyrte i utgreiingsarbeidet, sa ordføraren.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord