Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. juli 2017
Ytre Sogn 23. juli 2017

Tage Grønvold og Torill Strandos vil at turar, som den 10.klassingane i Høyanger reiser på til Polen kvart år, igjen blir i kommunal regi. – Vi er opptekne av å sikre at alle elevane kan vere med, seier dei to Ap-representantane til Ytre Sogn.

Vil ha skuleturar i kommunal regi

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 14. mai 2017

– For oss er det viktig at alle elevar får same moglegheiter, uavhengig av økonomisk bakgrunn, seier Tage Grønvold og Torill Strandos i Høyanger Ap.

I samband med kommunestyret si handsaming av prosedyre for gratisprinsippet i skulane kom dei med eit tilleggsframlegg om at det blir lagt fram ei sak om skuleturar for 10.klassingar – som til dømes turane med «Kvite bussar» til Polen – med ei vurdering om desse skal vere obligatoriske. Det same gjeld om finansieringa av turane, og kor vidt dei skal delast mellom kommune og foreldre – med dugnad og frivillege gåver.

– Slik det er i dag har ikkje kommunen noko med desse turane å gjere. Dei er foreldre-styrte, og mykje av finansieringa skjer gjennom dugnad, samt gåver. Resten må dei dekke sjølve, og det siste kan i nokre tilfelle hindre alle i å vere med på tur, rett og slett fordi det kostar for mykje. Slik vil ikkje vi at det skal vere, og difor kom vi med tilleggsframlegget vårt, om at administrasjonen no ser på om det er mogleg å få til eit økonomisk spleieselag, der også kommunen er med ved å gje eit tilskot per elev.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord