Vil ha Norevik, ikkje Nordrevik


Staden heiter Norevik, ikkje Nordrevik. Det var den klare tilbakemeldinga då Høyanger kommune i førre veke inviterte til høyringsmøte i namnesaka som Statens kartverk har reist.

Den var også tema på møtet som Høyanger kommune inviterte grunneigarar til på Norevik skule i førre veke, og både kultursjef Anita Nordheim, prosjektleiar Aril Gjelsvik, GIS-ansvarleg Eirik Norheim og lokalhistorikar Gaute Ljotebø var til stades. Møtet starta med at kultursjefen sa litt om kor viktig namn er, fordi det handlar om tilhøyret til ein stad.

No er det ikkje slik at kommunen kan ha namnesaker kvar gong vi er usamde med dei som har mynde til å bestemme dei. Men no har vi valt å gjere det med fire namn; Østerbø, Kartangvik, Vamråk – og Norevik. Og når det gjeld Norevik så meiner vi at det også er det som bør fastsetjast som rette skrivemåte. Ikkje Nordrevik, slik Språkrådet vil. Difor handlar mykje no om å argumentere godt nok for det, slik at vi blir høyrde. Men då må vi også ha dei som bur på Norevik med oss. Det er viktig at vi står samla bak, sa Nordheim til dei frammøtte.

Til å hjelpe seg med å skaffe historisk dokumentasjon om bruken av Norevik har kommunen nytta Gaute Ljotebø. På møtet presenterte lokalhistorikaren noko av det han hadde funne.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Mange av grunneigarane var til stades på høyringsmøtet på Norevik skule i førre veke, og tilbakemeldinga frå dei var klar; Det heiter Norevik, ikkje Nordrevik.