Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. desember 2018
Ytre Sogn 18. desember 2018

- Modellane vil bli svært viktige i forteljinga om industristaden Høyanger, og bygningsmiljøet som vaks fram frå 1916 og utover, meiner (f.v.) Egil Høyvik, Petter Sortland, Idar Sæbø, Johnny Litsheim og Anita Nordheim. .

Vil ha Høyvik-modellar inn i muséet

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 6. desember 2018

– Arbeidet som Arild Høyvik har lagt ned i modellane sine av gamle Høyanger fortener at det vert sett av litt pengar til ein skikkeleg presentasjon, seier ordførar Petter Sortland (Ap).

Partiet hans føreslår no å setje av 150 000 kroner i neste års budsjett, til eit forprosjekt der ein ser på oppgradering av Høyanger Industristadmuseum. Det inneber også at Høyvik sine modellar blir del av utstillinga, noko Johnny Litsheim, Idar Sæbø og Egil Høyvik frå Høyanger Pensjonistlag er nøgde med.

– Dei vil passe godt inn i utstillinga som allereie er i andre etasje i Høyanger Industristadmuseum, som er der modellane hans no er føreslått plassert, seier Litsheim til Ytre Sogn.

I dag er modellane som Arild Høyvik har laga av Murgården, Samvirkekvartalet og Folkets Hus utstilte i foajeen til Høyanger samfunnshus. Pensjonistlaget har imidlertid gått ut og etterlyst ei meir permanent løysing, og etter møte med kommunen – ved ordførar Petter Sortland og kommunalsjef for kultur og folkehelse Anita Nordheim – har ein kome fram til at industristadmuseet i Byporten kan høve.

– Murgården, til dømes, kan plasserast i avdelinga som tek føre seg bustadmiljø og arbeidarhistorie i industristaden. Samvirkekvartalet kan plasserast i avdelinga med bysentrum og handel, der ein også finn Folkets Hus omtalt, seier Nordheim.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord