Vil ha Høyanger med på geopark-samarbeid


– Høyanger bidreg med sjølve «botnen» i parken, i geologisk forstand, og er viktig å ha med, seier Franziska Rüttimann, avdelingsdirektør for Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad.

Denne veka var ho - saman med Per Arne Tveit frå HAFS regionråd - invitert til kommunestyremøtet i Høyanger for å fortelje om planane til Hyllestad og dei andre HAFS-kommunane Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen om å søkje om godkjenning som UNESCO Global Geopark, som er eit område som har ein geologisk arv av unik internasjonal betydning. Og no vil dei også ha med Høyanger.

– I forprosjektet som nyleg vart lagt fram i regionrådet vert det understreka frå geologar - med universitetsprofessor Haakon Fossen i Bergen i spissen – at den vestlege delen av Høyanger er viktig å ha med i geoparken fordi den representerer den underste delen - grunnfjellsdelen - av det geografiske biletet som parken bør dekke. Den er viktig for å forstå opphavet til fjellkjeda, sa Rüttimann og viste til at langs Sognefjorden - både aust og vest for Lavik - er fjellet godt representert.

I planane om ein geopark ligg blant anna eit senter, der ein finn hovudinformasjonen om innhaldet i den. Den vil vere bemanna heile året, med tre stillingar. I senteret ser ein også føre seg ei utstilling og eventuelt ein butikk med lokale produkt.

– I tillegg blir det såkalla episenter i alle kommunane som er med, gjerne i tilknyting til butikkar, hotell eller liknande. Der vil ein finne informasjon om det som er å sjå i den aktuelle kommunen. I Høyanger kommune er til dømes Lavik, Vadheim og Høyanger naturlege stader å møte geoparken på denne måten. Likeeins på eigne infostasjonar langs E39 og Fv55, sa Rûttimann.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!