Vil ha fast utstilling av Høyvik-modellar


Høyanger Pensjonistlag, med Johnny Litsheim i spissen, ber no kommunestyret om å få til ei fast utstilling med modellane som Arild Høyvik har laga av gamle bygg i Høyanger.

– Vi i pensjonistlaget vil at modellane hans skal få den merksemda dei fortener. Difor har vi - saman med Finurlig - laga eit forprosjekt, der vi viser korleis vi lagar til ei permanent utstilling med dei. No blir det sendt til kommunestyret i Høyanger, som vi håpar overtek det, til dømes å setje ned ei prosjektgruppe som kan jobbe vidare med tanke på realisering. Vi meiner at dette vil ha stor interesse, ikkje berre hos fastbuande, men også tilreisande. Høyanger Næringsutvikling har jo som uttalt mål å satse på reiseliv, og å skape nye attraksjonar, sa Johnny Litsheim då han tidlegare denne veka var med på årsmøtet i LO i Ytre Sogn og fortalde om prosjektet som har fått namnet «Gamle Høyanger».

Han meiner at no er tidspunktet å gjere det, medan det enno er folk i Høyanger som kan fortelje om alle bygga som Arild Høyvik har laga modellar av, som til dømes Murgården på Sæbøtangen.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

Modellane til Arild Høyvik står i dag rett innanfor hovuinngangen i Høyanger samfunnshus.