Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. september 2017
Ytre Sogn 22. september 2017

-Sommaraktivitetane er for barn og unge frå 5. til 10. klasse., i frå heile kommunen, seier Maria Brendehaug Petersen (biletet) til Ytre Sogn.

Aktivitetssommar for barn og unge

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 7. juli 2017

Om sommaren er det få organiserte aktivitetar for barn og unge i Høyanger. Det har kommunen vald å gjere noko med.

Kvar måndag i juli og august inviterer nemleg ungdomsklubben i Høyanger barn og unge til å delta på ulike sommaraktivitetar.

– Kvar måndag ettermiddag møtest vi på Bytorget i Høyanger, og går i lag til staden der aktiviteten skal føregå, som oftast på sentralidrettsanlegget. Vi byrja sist måndag med volleyball, og no på måndag står basketball og badminton på programmet. Aktivitetane er vald ut ifrå kva som let seg gjere i nærmiljøet, og som ein gjerne ikkje driv med til vanleg, seier kulturmedarbeidar Maria Brendehaug Petersen i Høyanger kommune til Ytre Sogn.

Les meir i fredagens Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord