Vil gje friidretten eit løft


– Det er på høg tid at vi også får eit fullverdig friidrettsanlegg i Høyanger, seier ordførar Petter Sortland (Ap) til Ytre Sogn.

Difor vil han og partiet hans no leggje inn 150.000 kroner til å planleggje oppgradering av anlegget på Sletta i Høyanger i 2018, med sikte på gjennomføring året etter. Det inneber blant anna at det kjem nytt fast dekke på løpebana rundt grasbana.

- Vi gjer også framlegg om at det i samband med legging av dekke, også kjem lysanlegg, seier Petter Sortland til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!