Vil forsere utbetring av avløpsreinseanlegg


Raudt Høyanger vil forsere arbeidet med Høyanger avløpsreinseanlegg. I ein interpellasjon til kommunestyremøte var første spørsmål om det er praktisk mogleg å forsere det, slik at avløpsreinseanlegget blir oppgradert i 2019, eller om arbeidet må gå over to år som tidlegare vedteke.

Einar Rysjedal viste til dokumentet Handlingsprogram Budsjett 2018 Økonomiplan 2018-2021 som låg til grunn for kommunestyret sitt vedtak i desember 2017. I dette dokumentet  står det at «Høyanger avløpsreinseanlegg må oppgraderast i løpet av eit par år. Det er store driftsproblem med dagens silanlegg som m.a. fører til at det av og til må sendast ureinsa kloakk ut i Høyangfjorden. Dei gamle silane må skiftast ut. Det er lagt inn totalt 3 millionar kroner til dette i 2019 og 2020. Dette er kostnader som vert dekka over sjølvkostbudsjettet.»

Ubehandla til fjord

Han skriv i interpellasjonen at Raudt Høyanger har blitt konfrontert med påstandar om at tilførsla til kloakkreinseanlegget ikkje fungerer godt nok når det gjeld kapasitet, utforming med meir.
Rysjedal ber også administrasjonen om å kome med ei skriftleg sak til novembermøte som gjer greie for status, og nødvendige tiltak. Dette for å leggje grunnlag for realistiske budsjett 2019 og økonomiplan 2019-22.

Les meir i Ytre Sogn