Vil bruke 900 000 kroner til ny hovudtaksering i Hyllestad


Med 4 mot 13 stemmer vedtok Hyllestad kommunestyret formannskapet sitt framlegg om å bruke 900 000 kroner til ny hovudtaksering av eigedomsskatt i kommunen for skatteåret 2020.

I 2018 vedtok Stortinget å senke maksimalsatsen på eigedomsskatt for bustader og fritidsbustader frå sju til fem promille med verknad frå 1.januar 2020. I høve ny regjeringsplattform januar 2019 er det nedfelt at maksimalsatsen vert ytterlegare senka frå fem til fire promille frå januar 2021. I samband med dette og med fire stemmer mot vedtok Hyllestad kommunestyret formannskapet sitt framlegg om å bruke 900 000 kroner til ny hovudtaksering av eigedomsskatt for skatteåret 2020, der midlane vert dekka av disposisjonsfondet. Vedtaket vart gjort under årets første kommunestyremøte torsdag.

Rettferdig eigedomskatt
-Ut i frå statsbudsjettet så har det kome endringar i ettertid når det gjelde eigdomsskatt, der det blant anna er vedteke at vi frå 2020 skal senke maksnivået frå sju til fem promille, noko som vil påverke budsjettet til kommunen. Eg tenkjer at når føresetnaden har endra seg så må det vere lov å endre på eit vedtak, ikkje minst for å vite kva maksgrunnlaget faktisk skal vere på eigedomane vi har. Om ti år kan det hende det er fornuftig å gjere ei retaksering for å sikre at vi har rettferdige skattetakstar på eigedomane i Hyllestad, sa Svein Arild Dale (Ap) i sitt innlegg.

Les meir om saka i siste utgåve av Ytre Sogn