Vil behalde tilskot til husbyggjarar


Planutvalet i Høyanger går inn for å behalde ordninga med tilskot på 200 000 kroner til oppføring av bustad og kjøp av gardsbruk.


Det vart klart då Bustadpolitisk handlingsplan for 2020-2024 vart handsama i møtet i dag torsdag. Administrasjonen har gått inn for å avslutte ordninga. Men det er altså ikkje planutvalet med på.



- Som vi også gav beskjed om då vi sist diskuterte saka, vil ikkje vi at ordninga blir avslutta. Vi meiner at den har fungert, og vi har hatt ein del nybygging i kommunen etter at den kom i gang. Difor vil vi kome med framlegg om at den blir vidareført, sa Geir Helge Østerbø (Sp), og viste til at den låg inne i neste års budsjett, samt i økonomiplanen for dei neste fire åra. 



- Det er viktig at vi ikkje skaper tvil om at vi framleis har slikt tilskot hos dei som er i startgropa. Vi har også nye byggjefelt i heile kommunen, la han til.



Dette var også representantane Ap og R samde i, og støtta framlegget til Sp.

 Handsaminga av resten av planen vart derimot utsett, blant anna fordi administrasjonen kom med framlegg om på opprette ei prosjektstilling til å arbeide med dei bustadpolitiske utfordringane i kommunen, ved å bruke midlane som var sett av til stimuleringstilskot.



- Administrasjonen har gjort det vanskeleg for oss, og lagt inn ein premiss som ikkje er vedteken. Difor bør handsaminga av planen utsetjast, sa Kristin Sagerøy Råsberg (Ap).