Vil at rehabiliteringa går som planlagt


Med tre mot to røyster går Høyanger formannskap inn for at rehabiliteringa av Olderdalen barnehage vert gjennomført som planlagt.

I framlegget sitt gjekk rådmann Kjellaug Brekkhus inn for å utsetje den til Høyanger kommune har konkludert når det gjeld kapasitetsbehov, og inntil då bruke om lag ein halv million til oppgradering av personalrom.

Det var Kristin Sagerøy Råsberg (Ap) som kom med framlegget om å gjennomføre rehabiliteringa som planlagt, etter eit kort gruppemøte. Det fekk tre røyster, medan Sp sine to representantar gjekk for rådmannen sitt.
–Vi har hatt ein lang diskusjon om Olderdalen barnehage der det har vore sagt heile tida at det er behov for rehabilitering, og at det må gjerast noko på personalsida som blant anna treng arbeidsrom. Vi har gjort eit vedtak om at dette prosjektet er nødvendig. Bygget er snart 30 år gamalt, så kvifor skal ein utsetje noko som vi er nøydde å gjere? sa ho.

Les meir om saka i Ytre Sogn fredag!