Vikarane trivst på verket


Gjennom sommaren bytar Hydro Høyanger ut store delar av dei tilsette i produksjonen med sommarvikarar.
- Heilt avgjerande, seier fungerande fabrikksjef, Ann Øygård.

Ein filmprodusent, ein øko­nomistudent, ein agronom og ein framtidig lærar. I rekkene blant sommarvikarar på Hydro­fabrikken i Høyanger finn ein litt av kvart. Ole H. Tvedt, Mar­tin Myklebust Rørvik, Jonas Haugsbø og Karen Vevle har kanskje ikkje like framtids­planar, men sommaren brukar dei saman på verket.

- Eg kan vel seie at det er noko litt anna enn det eg driv med elles, seier Ole H. Tvedt frå Kyr­kjebø.

Han studerer filmproduk­sjon i Bergen, men dei siste ni somrane har han brukt på kaia til aluminiumsverket i Høyan­ger. Trass forskjellane meiner han at ein kan dra linjer mellom kaia og filmproduksjon.

- Ein jobbar jo i små team begge stadar. Det er viktig at alle gjer som dei skal og er klare over arbeidsoppgåvene sine, spesielt no som fleire av dei faste tilsette er på ferie. Då må vi ferievikarane, og særleg vi som har vore her nokre år, tørre å ta litt ansvar.

Sjølv om Tvedt trivst godt på studiet fortel han at det er kjekt å komme tilbake til kaia kvar sommar.

- Studiet er veldig spennande og eg stortrivst der, men det er noko heilt anna å vere på kaia. Ein litt enklare kvardag, kan ein seie.

Tvedt har eit år igjen av bacheloren, og kva som ven­tar etterpå veit han ikkje, men han må nok tilbake til kaia også neste år.

- Eg har lova kollegane mine at eg må komme innom nokre dagar, slik at vi kan ete kake og sei farvel på verdig vis, seier Tvedt med ein latter.

Kaia som inspirasjon


Tvedt har med seg kollega Mar­tin Myklebust Rørvik. Også han har fleire år bak seg på kaia, då det er seks år sidan han tok si første vakt.

- Eg trivst godt. Det er ein anna kvardag frå det eg driv med resten av året, samtidig som det er lett å dra linjer mel­lom det eg gjer her, og det eg studerer.

Til vanleg studerer Rør­vik økonomi på BI i Bergen, og gjennom utdanninga fordjupar han seg i logistikk, noko han får jobbe med i praksis på verket. Rørvik er klar på at erfaringane frå verkskaia var viktige i valet av studieretning.

- Eg trur det har vore viktig for meg. Eg har fått prøve meg på mykje her, mellom anna innan støyperi, lager og forsyning. Kombinasjonen har vore viktig for at eg valde å søke meg inn på økonomi- og administrasjonstu­diet i Bergen. Eg satsar på å ta ein master, og då har eg i så fall tre år igjen. Eg blir med andre ord truleg her nokre somrar til, avsluttar han med eit smil.