Vi treng ei ny regjering som prioriterer velferd i kommunane!


- Høie sin uttale vitnar om ein helseminister som ikkje har nok innsikt i korleis kvardagen er i kommunane, skriv ordførar Petter Sortland (Ap) i Høyanger i innlegget sitt.

Velferda i Noreg vert først og fremst skapt ute i norske kommunar. Vi snakkar om grunnleggande tenester som m.a. skule, barnehage, fastlege, rehabilitering, helse og omsorg.

I VG måndag 29. september kunne vi lese helseminister Høie sine utsegn om at kommunar som ikkje klarar å få budsjetta til å gå opp, ikkje har god nok økonomisk styring. Dette er ein uttale eg ikkje kan la stå uimotsagt!

Bent Høie påstår at kommunane ikkje er i stand til å prioritere. Sanninga er at det er høgreregjeringa som ikkje har prioritert kommunane, og dermed set i spel grunnleggande helsetenester. Over tid har gapet mellom dei økonomiske midlane vi har til disposisjon, og dei oppgåvene vi er pålagt, blitt større og større. Høie sin uttale vitnar om ein helseminister som ikkje har nok innsikt i korleis kvardagen er i kommunane.

I fjor haust fekk vi melding om eit kommunebudsjett som var det mest stramme på 16 år, og åra før har heller ikkje vore enkle for kommunane. Generell effektivisering, kutt i midlar til dei med dei største behova, og ei rekke andre kutt har ramma kommunane sidan Høgre tok makta i 2013.

Budsjettet for 2020 var allereie tøft for kommunane. Så kom korona, og alt dette har gitt oss ein svært krevjande situasjon.

I kommunane er vi pålagt etter lov å vedta budsjett som «går opp» og er realistiske. Det er staten sjølv som kvalitetsikrar dette. Det finns ikkje rom eller høve til å vedta eit budsjett som ikkje er i balanse. No arbeider vi på høggir for å få endane til å møtast, samtidig som vi står midt i ein krevjande pandemi. Det vi treng no er at regjeringa garanterer for at vi vil få dekka våre kostnader knytt til koronapandemien. Den garantien har enno ikkje komme!

Alle nordmenn bur i ein kommune, og det er vi i kommunane som har teke brorparten av både arbeid og kostnad med stengte skuler og barnehagar. For å ha trygge sjukeheimar og heimeteneste, for å tilby auka kapasitet på legevakt, for å etablere feberpatruljer, teststasjonar, drive smittesporing og å kjøpe smittevernutstyr.

Det er våre born som går i barnehagane, det er våre ungar som er elevar på skulane, og det er våre eldre som bur på sjukeheimane og som vert ramma av regjeringa si manglande satsing på kommuneøkonomi. Vi er skuffa over at regjeringa og ministeren ikkje vil kome oss i møte.

Regjeringa burde gi ekstra økonomiske musklar til kommunane slik at vi kan framskunde naudsynte investeringar, hjelpe utsette næringar, og ikkje minst førebu oss på nye bølgjer med pandemi.

Å møte pandemien har vore, og skal vere, eit viktig samarbeidsprosjekt mellom stat, kommune og innbyggjarar. Vi må ta ansvar saman for å sikre gode løysingar for alle. Det vert ikkje løyst med å kome med usaklege og urette skuldingar mot kommunane.

Vi er glade for at Arbeiderpartiet har tala vår sak på Stortinget. For Arbeiderpartiet er det sjølvsagt at kommunane skal få dekka sine utgifter knytt til pandemien. Arbeiderpartiet føreslo 6 milliardar kroner i auka løyving til kommunane. Dette er midlar som hadde gitt oss tryggheit. No må regjeringa lytte til kommune-Noreg og opposisjonen på Stortinget. Det handlar rett og slett om folk sin kvardag!

La det ikkje vere tvil; Vi stiller opp og vi jobbar døgnet rundt for å sørge for at våre innbyggarar får dei tenestane dei har krav på. Men, vi treng ein garanti for å sørge for at staten tar sitt ansvar og sikrar økonomien i dette. No er det heilt avgjerande at vi dreg i same retning!

Vi er stolte av måten dyktige tilsette i kommunane, i næringslivet og korleis innbyggjarane våre har handtert koronakrisa som vi står midt opp i. No må regjeringa kome på bana!