«Vi kan ikkje snakke om distriktsutvikling utan å snakke om dei vidaregåande skulane»


-I distrikta er dei vidaregåande skulane hjørnesteinen. Om dei forsvinn, så raknar også lokalsamfunn, som Høyanger, Årdal og Odda, seier Raudt-politikar Terje Kollbotn.

Og det var ikkje utan grunn at han tok dette opp då han var i Høyanger sist veke. På programmet stod mellom anna besøk på det som er minste vidaregåande skulen i fylket, og som har vore truga av nedlegging før. Og det kan skje igjen når Sogn og Fjordane frå årsskiftet blir del av nye Vestland, skal vi tru den røynde politikaren frå Odda.

- Frå regjeringa vart det gitt lovnader om fleire oppgåver og midlar til det nye fylket. Det har ikkje skjedd, og om det ikkje kjem store tillegg i statsbudsjett no i haust, vil det bli tronge økonomiske rammer alt frå 1.januar 2020. Det er ikkje lagt skjul på i fellesnemnda. Det er heller ikkje at dei vidaregåande skulane då vil vere utsette. Og som ein av dei minste skulane har Høyanger vore i den situasjonen før, seier Terje Kollbotn til Ytre Sogn etter å ha vore i møte med skuleleiinga, og høyrt rektor Torill Thorbjørnsen fortelje ikkje berre om kor viktig skulen er for lokalsamfunnet, men også utfordringane deira framover.

Og den største er elevtalsutviklinga. Skulen ligg mellom to senter; Førde og Sogndal. Det inneber at skulen i Høyanger i hovudsak rekrutterer frå kommunen på vg1-kursa. På vg2-kursa kjem elevane frå eit større område. Og når det er mangel på arbeidsplassar, uteblir også folketalsveksten dei treng.

- Når vi veit at det kan bli eit stridstema kor ein må kutte i vidaregåande skular i Vestland er det viktig at vi politikarar har innhenta kunnskap om dei på førehand. Difor er det også at eg no besøkjer skulen i Høyanger, legg han til.

Sjølv er han klar på at han ønskjer avvikling av dei private, kommerseille vidaregåande skulane, og ei styrking av distriktsskulane. Og han framhever at det er mange gode argument for det.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!