Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. august 2020
Ytre Sogn 14. august 2020

Stine Baumann seier at mottakinga dei har fått som tilflyttarar i Høyanger har vore upåklageleg.– Men det tenkjer eg også ligg i Høyanger sin natur, som gamalt industrisamfunn. Plassen er vand med å ta imot folk utanfrå, seier ho.

«Vi flytta ikkje frå noko, men til noko»

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 8. januar 2020

– Plassen har så mykje å by på, som vi gjerne ikkje tenkjer over i kvardagen, seier Stine Baumann.
Som tilflyttar i Høyanger meiner ho difor at ein må bli endå flinkare til å framsnakke den.

– Eg tykkjer at det er nok av negativ omtale av Høyanger, om innbyggjartal som går nedover og mangel på arbeidsplassar. For det gjeld ikkje berre kommunen vår. Sentraliseringa er ein trend over heile landet, og det lir også Høyanger under. Men no får vi håpe at botnen er nådd. Det er i alle fall mykje spennande som for tida skjer, ikkje minst innan næringsliv, seier Stine Baumann til Ytre Sogn.

Førebels siste tala viser nemleg ein tilbakegang på 95 innbyggjarar i kommunen, slik at det no er på 4010. Det betyr ein nedgang på 270 i løpet av dei siste ti åra.
Ho og familien kom til Høyanger for snart fem år sidan, og ho vedgår at ho etter kvart har blitt ganske så patriotisk. Difor trenkjer ho også at ein må framsnakke Høyanger og resten av kommunen meir. Det motsette hjelper jo ikkje, påpeikar ho.

– Vi må vere optimistisk på Høyanger sine vegne. Plassen har jo så mykje å by på, som vi gjerne ikkje tenkjer over i kvardagen. Difor håpar eg også at dei som allereie bur her ser verdien av staden, og det ein mister ved å flytte herifrå, seier Baumann.

Sjølv hadde ho budd 13 år i Oslo då ho og familien kom til Høyanger sommaren 2015. Både ho og mannen Morten Rørvik hadde begge gode jobbar i hovudstaden. Han som tryggleiksdirektør i Regjerningskvartalet, ho som juridisk utreiar i Norges Høgsterett, jobbar dei begge var glade i. Med seg hadde dei borna Solveig og Lars, som den gong var 2 og 5 år.

Ho fortel at det var ulike grunnar til at dei valde å flytte, blant anna ville dei kome nærare familien hans.

– Vi ville også ha ein rolegare, enklare livsstil. I byen har ein høgare puls, og det er meir stress, ikkje minst fordi ein brukar mykje tid på å kome seg til og frå jobben, levere og hente i barnehagen og anna, seier Baumann.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord