Vert medeigarar i Akvahub


– Vi er inne i ein fase med sterk vekst og då ser vi store fordelar ved å vere tilknytt ei slik kompetansegruppe, seier Fred Åge Hyllestad, dagleg leiar i Finio AS.

Bedrifta hans og Sulefisk i Solund vert no medeigarar i den felles forskings- og utviklingsavdelinga Akvahub AS.

Utvidinga medfører at dei andre eigarane i selskapet no får med seg eit servicesenter i vekst og ein innovativ oppdrettar på laget, heiter det i ei pressemelding frå sistnemnde.

–I Akvahub sitt nettverk finn vi no ei samling av bedrifter med stor breidde og høg kompetanse innan havbruk. Vi er inne i ein fase med sterk vekst og då ser vi store fordelar ved å vere tilknytt ei slik kompetansegruppe. Vi ønskjer å bruke Akvahub sin kompetanse og nettverk i komande utviklingsprosjekt hos oss, seier Fred Åge Hyllestad, dagleg leiar i Finio.

Bedrift, som har tre tilsette, tilbyr slipp for utrusting, vedlikehald og service på båtar og flåtar for oppdrettsnæringa. I 2019 har dei auka bemanninga, og er no i dialog med nye samarbeidspartnarar som kan vere på veg inn i servicesenteret på Sørbøvåg.

Sulefisk AS, som driv med oppdrett av matfisk i Solund, har 13 tilsette. I tillegg til å vere pionér innan bruk av lukka oppdrettsmerd i sjø, var den først ut med luselaser og har til ei kvar tid fleire nyvinningar under testing i anlegga sine.

– Vi ønskjer å vere ei innovativ bedrift med fokus på forsking og utvikling i havbruksnæringa. Gjennom Akvahub ser vi utvida moglegheiter til vidare arbeid knytt til fleire av utviklingsprosjekta våre, seier Michael Niesar, dagleg leiar i Sulefisk.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn! .