Verftet i Leirvik er opna igjen: 250 arbeidarar er no tilbake


Måndag var Havyard sitt verft i Leirvik i gang igjen, etter å ha vore stengt i to og ei halv veke på grunn av koronautbrotet.

- No har det gått meir enn sju dagar sidan førre smittetilfelle, og dermed har vi fått løyve av kommunen til å starte opp igjen. Så i dag er vi mellom 240 og 250 personar inne på verftsområdet igjen, seier dagleg leiar Erlend Hatleberg ved New Havyard Ship Technology til Ytre Sogn.



Gradvis tilbake

Då verftet stengde var dei rundt 450 arbeidarar inne på området.



- Vi klarar ikkje å opne for fullt med ein gong, men no har vi i alle all på plass stort sett alle våre eigne tilsette, pluss eit 100-tals tilsette frå underleverandørar. Samstundes jobbar vi med å hente inn igjen rundt 100 til over dei neste to-tre vekene. Då vil vi dere oppe i mellom 350 0g 400 tilsette igjen, seier han.



Han er, sjølvsagt, glad for at det er no aktivitet på verftet igjen.



- Det er fantastisk berre det å møte andre når ein går rundt ute på verftsmrådet. Det er også tilbakemeldinga frå dei tilsette eg har snakka med no i dag, seier Hatleberg.


Endra testrutinar


- Kva konsekvensar har nedstenginga hatt for dykk?


- Vi har jo ein del arbeid å ta igjen etter å ha vore stengd i to og ei halv veke. Når det gjeld kva vi har tapt på det økonomisk, har eg ikkje tal å kome med enno. Det er noko vi har byrja å sjå på no. Men at det har vore kostbart for oss er klart at det har, svarar han.


På spørsmål om det blir endringar framover når det gjeld smittevern, nemner Hatleberg blant anna at dei som kjem frå utlandet no ikkje får byrje å arbeide før dei har avlagt to negative testar.

- Tidlegare har dei kunne arbeide mellom testane, så lenge dei var i såkalla fritidskarantene. Slik blir det ikkje lenger. No må dei sitje 7-10 dagar i karantene når dei kjem til landet, seier Hatleberg.

- Vi klarar ikkje å opne for fullt med ein gong, men no har vi i alle all på plass stort sett alle våre eigne tilsette, pluss eit 100-tals tilsette frå underleverandørar, seier verftsleiar Erlend Hatleberg.