Venninnegjengen går for beresjal


Burde det å bere nyfødde i sjal vere obligatorisk? Ja, meiner i alle fall Siv Anne Haaheim og venninnene hennar på Austreim.

Ho, Michelle Walmann, Elisabeth Gjervik Dønnem og Siv Helen Lillehauge ber babyane sine i beresjal der føresetnaden er å få eit tettare band mellom mor og barn. Ber du barnet ditt i sjal skal ein og kunne forvente mindre gråt og kolikk. Dei meiner rett og slett at det vert enklare å være småbarnsmamma. Med hendene fri kan ein og gjere andre gjeremål.

– Eg har lyst å fremje bruk av sjal og anna beretøy til born og ergonomisk bering. Eg fekk problem med tilknyting til begge ungane mine etter fødselen. Eg vart alvorleg sjuk, men med Sigurd vart eg heldigvis tipsa om bruk av beresjal og det har gitt meg ein heilt ny kvardag som småbarnsmor, seier Siv Anne Haaheim til Ytre Sogn.

Etter at ho byrja med slik bering har ho fått fleire venninner interessert, og dei har blitt ein liten gjeng med beremammaer i kommunen. Då Ytre Sogn var på besøk fekk vi sjå dei ulike variantane i praksis.

Les meir i papirutgåva!