Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

Det er spenning rundt bordet når utøvarane kjem inn til skyting. Her ser vi at Monica Sunde Tjønnås (nr fire f.h.) saman med kollegaene Morten Nordgulen, Bjørn Morten Mehammer og Joakim Gloppen har fått selskap i OL-kroken, av blant andre passasjerane Widar (t.v.) og Hulda Bjerkaker frå Førde som tok M/F «Stavanger» under fellesstarten.

Velkommen ombord i OL-ferja!

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 19. februar 2018

– Vi må jo ikkje gå glipp av norske OL-medaljar, seier Monica Sunde Tjønnås og ler.

I salongen oppe på bilferja M/F «Stavanger» som trafikkerer Lavik–Oppedal er det høg stemning. I sørkoreanske PyeongChang har skiskyttar-gutane nettopp lagt av garde på 15 kilometer fellesstart, og dei som har samla seg rundt bordet er med og jublar dei fram.

– Vi må jo heie på medaljehåpa frå Sogn og Fjordane, seier Monica Sunde Tjønnås, som jobbar i kiosken ombord, til Ytre Sogn.

Det var Sunde Tjønnås som fekk idéen om å lage til den vesle OL-kroken, der ein no kan følgje med på OL-sendingane under den knapt 20 minuttar lange ferjeturen over Sognefjorden.

– Det var så enkelt som at eg ville sjå litt OL, også når eg var på jobb. Det var ikkje så vanskeleg å få dei andre med på. Men sidan vi ikkje har fjernsyn ombord, fekk eg kollega Morten Nordgulen – og minst like interessert i OL – til å reise heim til meg og hente eit som eg hadde ståande. Den vart kopla opp her, i salongen, og dermed var vi i gang, seier Sunde Tjønnås.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

Sveler inspirert av søndagens OL-øving.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord