Vegarbeid tek sommarferie


Fleire vegarbeidsprosjekt i Sogn og Fjordane tek sommarferie i perioden 10.-30. juli.

Både i Høyangetunnelen på Fv 55 (biletet) i Høyanger og Balestrand og gjennom Gudvangatunnelen, Fretheimstunnelen og Onstadtunnelen på E16 i Aurland blir det stopp i tunneloppgraderinga, og fri ferdsle, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

På E39 mellom Bjørset og Skei blir det pause i vegbygginga, men nokre strekk av denne vegen vil vera lysregulerte gjennom ferien. Lysreguleringa i Bergumkrysset på rv. 5 i Førde blir òg ståande gjennom ferien.
Mellom Fardal og Ylvisåker blir det eit avbrekk i arbeidet med ny gang- og sykkelveg langs rv. 55.
På Berge, rv. 5 mellom Frudalstunnelen og Bergstunnelen, tek dei ikkje sommarferie, men frå og med 12. juli vert det fri ferdsle i to felt forbi arbeidsstaden.

- Nokre stadar kan det vere redusert fartsgrense fordi vegen og/eller tunnelen ikkje er i normal stand, eller er innsnevra som følgje av arbeidet. Det er viktig at ein følgjer skiltinga på staden, påpeikar vegvsenet.

Dei oppmodar samstundes om å omsyn til kvarandre i ferietrafikken, og ønskjer alle ein god sommar.