Vedtok å førebu sal av feriestad på Norevik


Det ekstraordinære årsmøtet i Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening (HKIF) onsdag kveld vedtok at det skal arbeidast vidare med sal av feriestaden på Norevik. 15 røysta for, 1 mot.

Som Ytre Sogn har fortalt tidlegare har ikkje fagforeininga økonomi til verken å drifte eller halde vedlike området sjølve.

- Vi er ikkje overraska over utfallet når vi såg korleis debatten på møtet vart. Det hadde kanskje med at vi på førehand gjekk ut med ei grunngjeving for kvifor vi tilrådde sal, og at folk såg at det var det rette, sa Astrid Refsdahl og Lars Kjetil Skeie, som begge er med i HKIF-styret, til Ytre Sogn etter møtet.

Meir overraska var dei over at ikkje fleire kom på møtet. Lokalet i øvste etasje på Gulehuset talde 16 medlemmer.

- Det er jo eit område mange i Høyanger har eit forhold til, og det har gjort at debatten gjerne har vore kjenslestyrt. Men - igjen - det er kanskje ei erkjenning av at sal er beste måten å få teke vare på området framover, sa dei to om Norevikane/Fagernes hytte- og konferansesenter, som fagforeiningen har eigd sidan 1935.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!