Varetektsfengsla i fire veker for knivangrep


Ein irakar i 30-åra vart onsdag ettermiddag varetekstsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod etter eit knivangrep i ein bustad i Høyanger måndag kveld.

NRK meldte i går at det er uvisst om den sikta vil anke avgjerda om varetektsfengsling. Mannen, som er asylsøkjar frå Irak, er sikta for grov kroppsskade etter at han påførte ein syrar i 20-åra fire knivstikk.

Dei to asylsøkjarane budde i same huset i Sandvika like utanfor Høyanger sentrum.

Lensmann Kåre Jan Hofrenning i Høyanger seier til Ytre Sogn at det først var meininga å sikte han for drapsforsøk, men dette vart seinare enda til grov kroppsskade.