Lokale nyhende frå Ytre Sogn 7. august 2020
Ytre Sogn 7. august 2020

Miserables Personae er ei vandreutstilling om dei svake i samfunnet

Vandreutstilling på Gulatinget

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 23. juli 2020

Frå 15. juni til 30. september kan ein oppleve landslovutstillinga «Miserables Personae – dei svake i samfunnet» på Tusenårsstaden Gulatinget i Gulen

Utstillinga er ei interaktiv utstilling som passar godt for ulike aldersgrupper som ønskjer å lære om korleis lova har påverka det norske samfunnet. Ein kan både lese og sjå video om Kong Magnus Lagabøtes landslov, som var den første lova i Norge som tok omsyn til dei svake i samfunnet.
– Dette er ei historisk vandreutstilling om Kong Magnus Lagabøtes landslov frå 1274, der han tok dei svake i samfunnet inn i si landslov. Noko som var nytt både i Norge og Europa på den tida. I tillegg er landslova den tredje første av denne typen i Europa, etter Sicilia i 1231 og Spania i 1265. Utstillinga som til no har vore i Stavanger, Agatunet i Hardanger, Bergen, og på Shetland, skal vere på reise rundt om i landet fram til Landslova fyller 750 år i 2024.
Det seier formidlar ved Gulatinget Tone Ekerhovd til Ytre Sogn.

Les meir om Gulatinget i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord