Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. april 2020
Ytre Sogn 4. april 2020

Publikum gjorde seg som kor på julekonserten på Nessane

Vakker julekonsert på Nessane

Journalist: Sissel Tove Litzheim | Publisert: 23. desember 2019

Laurdag kveld var det nok ein gong julekonsert i nærområdet vårt, denne gong med Nesse Grendelag som arrangør. Og kva var vel meir naturleg enn å invitere musikkkorps frå kommunen som Nessane snart blir del av?

I ei rekkje på 13 julekonsertar var dette den 12. for dirigent Jason Burn. Likevel gledde han seg veldig til konserten saman med ni musikarar frå Fagforeningens Musikklag frå Høyanger. Dei fylte alle klangar i dei vakre julemelodiane dei framførde.

Leiar for Grendelaget, Gunvor Linde, ønskte velkommen og overlet så styringa til dirigent Jason Burn. Han leia publikum fint og lett, inn og ut av dei ulike julesongane.

Gymsalen var vakkert pynta med juletre, stemningsfullt lys og trivelege nissar, så berre å stige inn i rommet gav ei god kjensle.

Julesong til mor si

Burn er ikkje berre dirigent, han er og ein svært dyktig trombonist. Han fortalde at kvar jul sidan han var om lag åtte år, har han spelt «O Helga natt» for mor si på trombone. Uansett kor han har vore i verda, så har han spelt denne til henne, om det så var over telefon eller Skype. Denne kvelden var ho til stades i salen, då ho hadde kome til Norge for å feire jul. Ei vakker og kjærleiksfylt stund tok Burn oss med på då han spelte denne høgtidsskapande julemelodien for mor si.


– Dette var fantastisk, sa ei tydeleg rørt Isabell Burn etterpå.


– Eg venta at han skulle spele den til meg mens eg er i Norge, men eg hadde ikkje venta det her på konserten.

Velkomen til Høyanger

Leiar i Fagforeningens Musikklag, Johnny Litsheim, var svært takksam for at nettopp dei var dei første til å besøke Nessane som ein del av Høyanger.


– Vi er kanskje litt tidleg ute, men det er jo like før, sa han med eit smil. 


– Eg synest det er stas å kunne ønskje dykk velkommen til oss i Høyanger. At vi vart inviterte hit er berre strålande, og det kan vi takke Jason Burn og Gunn Marie Haugen for, sa Litsheim.

Les meir om konserten i neste utgåve av Ytre Sogn!

Gunvor Linde fekk overrekt Høyanger kommune si bordfane av Johnny Litsheim
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord