Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

Tunnelen aust for Vadheim skal stå ferdig 1. juli 2021.

Vadheimstunnelen skal vere ferdig 1.juli neste år

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 16. oktober 2020

Arbeidet med å skifte ut elektroutstyret i Vadheimstunnelen er no lyst ut.

Det inneber at den 1659 meter lange tunnelen på fv 55, om lag ein kilometer aust for Vadheim sentrum, vil stå ferdig innan 1.juli neste år.



Av ulike årsaker har arbeidet med å skifte ut elektroutstyret i tunnelen drege ut, men no har altså vegeigar Vestland fylkeskommune lyst det ut.



Det er Veier24 som melder dette. 



Prosjektet omfatter levering og installasjon av elektriske, styrings- og kommunikasjonstekniske installasjoner i tunnelen. Entreprenøren skal også rive og fjerne eksisterende installasjoner og utstyr i og utenfor tunnelen.



Fylkeskommune opplyser at arbeidet vil kunne pågå på begge sider av tunnelen. Men det er ikkje omkøyringsmoglegheiter, og entreprenøren må særleg ivareta omsynet til kollektivtransport og utrykkingskøyretøy.

Frist for å gje tilbod er sett til 6. november.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord