Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. juli 2018
Ytre Sogn 19. juli 2018

Høyanger-ordførar Petter Sortland (f.v.) tykkjer planane til Sturle Skeidsvoll og Vadheim Akvapark er spennande.

Vadheim kan få 10-15 arbeidsplassar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 6. april 2018

Eit forprosjekt skal gje svar på om det er grunnlag for å etablere landbasert oppdrettsanlegg i Vadheim Næringspark. Det kan i så fall gje 10–15 nye arbeidsplassar i bygda.

– Vi håpar på å ha svar på det innan sommaren, seier Sturle Skeidsvoll, styreleiar i Vadheim Akvapark, til Ytre Sogn. Han deltok på Høyanger kommune sitt folkemøte på Sogn Hotel i Vadheim sist veke, og fortalde då om planane han og selskapet har for næringsparken.

Sjølv har han 35 års erfaring frå oppdrettsnæringa, og sidan 2015 har han også drive eit av anlegga i Vadheim gjennom Aller Aqua. Og det er Aller Aqua – i lag med Hjetland Industripark – som no har etablert Vadheim Akvapark. Dei eig 50 prosent kvar i selskapet, og har 300.000 kroner i grunnkapital, fortalde han på møtet.

– No er vi i gang med eit forprosjekt, der vi ser på om det er mogleg å etablere eit landbasert oppdrettsanlegg for laks og aure på området til Vadheim Næringspark. Då snakkar vi om produksjon av stor smolt, i 4,5 meter høge kar på land, der vi brukar ny teknologi som inneber at vatnet brukast opp att. Det kortar ned tida i sjø etterpå, med fordelane det har, sa Skeidsvoll.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord