– Mykje av omådet er ferdig opparbeidd, inkludert djupvasskai. Det ligg også veldig sentralt, ved fjorden og rett ved E39, som er hovudfartsåra nord-sør på Vestlandet. Så dette kan bli veldig bra, seier Sturle Skeidsvoll i Vadheim Akvapark, som ønskjer å etablere eit nytt, stort landbasert anlegg for produksjon av laks i næringsparken i Vadheim.
– Etter å ha gjennomført eit forprosjekt har vi konkludert med at vi går vidare med planane om å etablere eit nytt landbasert anlegg for produksjon av laks i Vadheim, seier Sturle Skeidsvoll, styreleiar i Vadheim Akvapark, til Ytre Sogn.
Om det går som dei vil kan det på sikt gje opptil 25 nye arbeidsplassar i bygda.
– Til sjølve anlegget, som vil ha ein årsproduksjon på 6000 laks, snakkar vi om 10-15 tilsette. Men på lengre sikt har vi også ønskje om å etablere forskingsstasjon i tilknyting til anlegget, og då snakkar vi om 5-10 arbeidsplassar til, seier Sturle Skeidsvoll.
Det var i april i år at Ytre Sogn først omtalte planane til det nyoppretta selskapet Vadheim Akvapark. På eit ope møte i regi av Høyanger kommune fortalde han om forprosjektet, som skulle gje dei svar på om det let seg gjennomføre. Og dei har selskapet no fått.
Les meir i Ytre Sogn fredag!