Vadheim Akvapark satsar på byggjestart til våren


Første byggjesteg i Vadheim Akvapark sitt nye landbaserte oppdrettsanlegg er no oppfinansert. - Vi satsar på å kome i gang til våren, seier Sturle Skeidsvoll til Ytre Sogn.

Og dei kjem til å byrje med postsmolt.



- Det inneber at vi kjøper inn fisk på 100 gram, som vi har i kar på land til dei er 500 gram. Sidan vert dei sett ut i sjø til dei er klare til å slaktast, seier Sturle Skeidsvoll, som er styreleiar i Vadheim Akvapark, til Ytre Sogn.



- I dag har vi 5,5 konsesjonar på laks og aure, og har difor stor eigeninteresse i å starte opp slik produksjon. I tillegg blir det også til eit par kundar.



Første byggjesteget vil gje fire nye arbeidsplassar, som er dobbelt så mange som selskapet har i dag, knytt til anlegg i sjø.



Det var i fjor haust at selskapet fekk løyve til produksjon av inntil 6000 tonn fisk i nytt, landbasert anlegg i næringsparken i Vadheim.



Etter det Ytre Sogn erfarer vil investeringar kome opp i totalt 800 millionar kroner. Av dette utgjer postsmoltanlegget 20-25 prosent, altså minst 150 millionar kroner. Det siste er no oppfinansiert.



- Aller Aqua går sjølv tungt inn, i tillegg til ein del samarbeidspartnarar, seier Skeidsvoll.



Les meir i neste Ytre Sogn!