Uvanleg låg vasstand på Siplo


Folk som har ferdast på Siplo i Høyangerfjellet siste tida har kanskje lagt merke til at vasstanden har vore uvanleg låg.

Norman Kjærvik, informasjonsansvarleg i Statkraft Region Midt-Norge, forklarar det slik:
–Årsaken til at vasstanden på Siplo no er nede mot minste vasstanden LRV (lågaste regulerte vasstand, red.mrk) er at vi skal utføre visuell inspeksjon på dammen. Dette er eit planlagt arbeid som har lege i arbeidsplanane våre ei tid, seier han til Ytre Sogn.
–Inspeksjon av dammar er eit pålegg frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som vi då må følgje opp slik dei har bestemt. Ein slik inspeksjon skal også gjerast for Fossvatn i desse dagar. Vi reknar med at inspeksjonen tek relativt kort tid og at vasstanden snart vil komme attende til det normale, men det kjem litt an på tilsig av vatn dei næraste dagane, seier Kjærvik.