Utval har tilskotspott på 80 000 kr


– Vi trur at dette vil gje ei betre – og meir rettvis – fordeling av tilskotspotten, seier Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur og folkehelse i Høyanger, til Ytre Sogn.

Gjennom årlege budsjettvedtak i kommunestyret vert nemleg Utval for kultur og folkehelse tildelt ein årleg tilskotspott, som dei skal fordele til gode prosjekt gjennom året.

For 2020 er denne potten på 80 000 kroner.

– Til no har vi behandla søknadane etter kvart som dei har kome inn, gjennom heile året. Etter ønskje frå politikarane går vi no over til å gjere det to gonger i året. Litt mindre fleksibelt vil nokre kanskje seie. Men vi tenkjer at det vil gje ei betre og – ikkje minst – meir rettvis løysing når det gjeld å fordele potten, seier kommunalsjef Anita Nordheim og viser til at slik det har vore til no, med fortløpande tildelingar, har det gjerne vore størst moglegheit til å få tilskot på byrjinga av året.

– Så har det gjerne vore lite att å fordele på slutten.

Ulike pottar

Ho understrekar at ein ikkje må blande saman denne tilskotspotten med kulturmidlane, som utvalet også deler ut.

– Kulturmidlane går til drift av lag og organisasjonar, og vert fordelt etter medlemstal. Dei utgjer framleis 300 000 kroner i året. Her snakkar vi om ein annan pott, som går til gode prosjekt i kommunen.

Det er også viktig at det er prosjekt som kjem mange til gode.

– No gjeld det heller ikkje berre kultur, men også folkehelse, etter at det kom inn under same tenesteområde, seier Nordheim, som har tru på at dette blir ei veldig god ordning.

– Det er ikkje all verdas pott, kva storleik angår. Men det kan vere slumpen av pengar ein treng for å ta prosjektet vidare. Ja, det gir også prosjektet eit kvalitetsstempel at det blir støtta av utvalet om ein også vil hente midlar frå andre, seier ho.

Fristen for å søkje om tilskot ved den første tildelinga no i 2020 er sett til 30. mars.