Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. august 2018
Ytre Sogn 20. august 2018

F.v. Anja Pettersen (Ap), miljøvernleiar Silje Bøe, kultursjef Anita Nordheim, utvalsleiar Michelle Walmann (Ap), konsulent kultur og folkehelse Grethe Bjørnsen Ulvestad og Oddhild Løbø (Sp).

Har plukka ut fire hyttenamn

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 25. januar 2018

Dagsturhytta på Høyangerfjellet skal heite anten Fjellheim, Rallarbu, Synkenhytta eller Falibu.

Det er namna som Utval for kultur no har valt ut, etter å ha gått igjennom alle forslaga som har kome inn.

– Namnet bør seie noko om kvar hytta ligg. Det tenkjer i alle fall eg vi må ta omsyn til når vi skal velje ut namn, sa utvalsleiar Michelle Walmann (Ap) då saka var oppe til diskusjon på tysdagens møte.

Ho tykte difor at det var greitt at mange av det som hadde kome med forslag også hadde grunngjeve dei.

– Og så er det viktig med eit namn som folk kjem til å bruke, la ho til.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord