Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Utkant-festivalen i Skjerjehamn vart arrangert første gong i 2007. Sidan har den gått av stabelen kvart år. (Arkivfoto)

Utkant-festivalen avventar


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 22. mars 2020

Utkant vel sjå an korleis situasjonen utviklar seg før dei bestemmer seg for om årets festival skal avviklast.

– Førebels vel vi å sjå utviklinga an. Juli er framleis så langt unna at det er for tidleg å fatte ei avgjerd no. Det blir nok ikkje gjort før nærmare sommaren for vår del, seier festivalsjef Viggo Randal til Ytre Sogn.


Årets festival i Skjerjehamn går etter planen av stabelen frå 23. til 26. juli, med namn som Aurora og Kråkesølv på artistlista.



Tidlegare i veka vart det klart at Balejazz i byrjinga av mai er avlyst som følgje av koronapandemien.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord