Utgreier tunnel i Eriksdalen


Statkraft utgreier no om det er mogeleg å etablere eit tunnelsamband med Eriksdalen. Om det kan realiserast blir avgjort i løpet av 2017, seier informasjonssjef i region Midt Norge Norman Kjærvik til Ytre Sogn.

–Det er aktuelt med ein rein anleggstunnel, som får relativ sterk stigning og eit lite tverrsnitt, akkurat stor nok til at anleggsmaskiner kan passere. Tunnelen vil bli open berre for Statkraft sitt driftspersonell, samt grunneigarar og hytteteigarar i Eriksdalen, seier Kjærvik.

All transport til og frå reguleringsområda i Eriksdalen går i dag med trallebane frå K2-området eller eventuelt med helikopter.

Fleire hundre mill

Statkraft skal fram mot 2025 investere fleire hundre millionar kroner i rehabilitering og fornying av ei rekkje store reguleringsdammar i Eiriksdalen, i dei to kommunane Høyanger og Balestrand.

- Dei sju dammane det no er snakk om ligg ved Høgsvatn, Kaldosvatn, Stølsvatn, Hardbakkevatn, Norddalsvatn, samt i øvre og nedre Gruvlebotn. Det er både betongdammar og steinfyllingsdammar, pluss ein kombinasjon av desse to damtypane. Alle dammane er bygde i tidsperioden frå 1938 til 1960, så det er snakk om relativt gamle anlegg, opplyser Kjærvik.

- Desse arbeida må gjennomførast fordi dammane etter dei nye damforskriftene er komne i ein ny konsekvensklasse, med andre og strengare krav. Dammane er trygge i dag òg, men skal rehabiliterast slik at dei tilfredsstiller dei nye forskriftene som no gjeld for slike dammar, seier Norman Kjærvik

Lokale firma

Hovudarbeida på dei store dammane i Eiriksdalen vil bli utførte av store entreprenørar.

-Erfaringar frå liknande prosjekt viser likevel at ein del mindre oppdrag gjerne går til lokale underentreprenørar. For dei betyr det fleire oppdrag, auka aktivitet og ei trygging av lokale arbeidsplassar, meiner Kjærvik.

I tillegg blir det etterspurnad etter varer og tenester i anleggsperioden, til dømes når det gjeld innkvartering av anleggsfolk på hotell/pensjonat, rigging/drifting av mannskapsbrakker, leveranser av drivstoff, anleggsutstyr, forsyningar og mat. Alt dette kan bidra positivt for lokalt næringsliv.

Ute av produksjon

- Dei gamle kraftstasjonane K2 og K3 er no ute av produksjon, etter at det nye Eriksdal kraftverk kom i drift. Gjennom konsesjonen for Eriksdal kraftverk har Statkraft plikta seg til å rive og fjerne desse anlegga og rydde opp i anleggsområdet. Dersom det blir tunnel og fast vegsamband til Eriksdalen, har Statkraft ikkje lengre bruk for trallebana opp frå K2, så den blir òg riven og fjerna om vegen blir realisert.

- Statkraft har forståing for dei kulturhistoriske verdiane som kan ligge i gamle kraftverk og gamle anlegg, og er positivt innstilte til å ta vare på nedre del av røyrgate og trappesystem knytta til K1. Det er ein god og konstruktiv dialog mellom Statkraft og Høyanger kommune om dette, og den vil halde fram utover i 2017 med eit møte allereie i januar, kan Kjærvik fortelje.