Utfordrar folk til å handle julegåver lokalt


– Om vi ønskjer å behalde småbutikkane våre, må vi også bruke dei, seier Stine Baumann (biletet) i Høyanger. Ho utfordrar no alle til å handle minst fem julegåver lokalt.

Og mange har allereie sagt at dei er med på «Fem for Høyanger», innlegget som ho nyleg la ut på si eiga facebook-side.

- Det er viktig at alle bidreg skal vi få pilene til å peike oppover igjen i Høyanger. Det er ulike måtar å gjere på, og ein av dei er å støtte opp om butikkane våre. Brukar vi dei ikkje, forsvinn dei, seier Stine Baumann og viser til at det å drive butikk på mindre plassar som Høyanger, kan vere utfordrande.

Dei er avhengige av at dei som bur der brukar dei.

– Det er ikkje minst viktig no som julehandelen er i gang. For dei fleste små butikkane er desember viktigaste månaden i året når det gjeld tekter. Difor var det også eg fann ut at eg no vil utfordre folk i Høyanger til å handle i alle fall fem julegåver lokalt. seier Baumann.

Ho peikar også at at butikkane står for viktige arbeidsplassar.

– Det å handle lokalet også bidreg til å oppretthalde dei.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!