Uno Metal vil femdoble volumet


Hydro-prosjektet Uno Metal har no søkt Miljødirektøratet om konsesjon til å behandle nye 150 tonn restmetall.

Som Ytre Sogn tidlegare har fortalt gjennomførte dei i november og desember eit pilotforsøk som gjekk ut på å gjenvinne metallrestane som ligg att i botnen av elektrolyseomnane hos Hydro Høyanger, såkalla bunnkaker, for å kunne bruke det i støyperiproduksjonen.

Resultatet var svært vellykka, og no har dei søkt Miljødirektoratet om konsesjon til å behandle ytterlegare 150 tonn, i det som blir ein hovudstudie.

– Det opnar også for at vi kan ta imot restmetall frå dei andre Hydro-eigde verka i Norge, seier prosjektleiar Dag Nestegjerde til Ytre Sogn.

I pilotforsøket, som vart avslutta 23. desember, behandla dei tilsaman 35 tonn restmetall, som elles hadde blitt seld som skrap til bedrifter i Sverige og Ungarn.

– Vi vil no sjå på moglegheiten til å ta i bruk ein annan, større omn, med to luker. Det betyr at vi kan behandle 6-8 tonn i døgnet, mot 4 tonn i den førre, seier han.

I hovudstudien, som dei reknar med å bruke fem veker på, vil dei blant anna sjå på økonomien i det som dei håpar kan gje nye arbeidsplassar i Høyanger.

– Løn utgjer ein stor del av kostnadane. Difor må vi også ha litt volum, og tek i bruk større omn. Så blir det å vurdere det, opp mot inntektene på å selje det som skrap til eksterne, som er tilfelle i dag, seier Nestegjerde.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Uno Metal sine minibarrar av gjenvunne aluminium. Forma tild ei er for øvrig laga av Kai Ove Nesse og elevane hans ved TIP (Teknikk og industriell produksjon) ved Høyanger vidaregåande skule. (Foto: Dag Nestegjerde)