Ungdomsrådet vil ha fleirbrukshall


- Ungdomsrådet i Hyllestad vil ha ein fleirbrukshall ved skulen. Det seier Karine Strandos, leiar i rådet til Ytre Sogn.

–Det er viktig at kommunen får ein idrettshall/fleirbrukshall for dei unge, men ungdomsrådet vil ha fleirbrukshall ved skulen. Årsaka til det er at vi vil ha eit tilbod til alle, ikkje berre dei som driv med idrett, seier Strandos.

Ho seier at skulen må prioriterast først. Dersom valet står mellom å bygge idrettshall eller pusse opp skulen meiner rådet at skulen må kome først.
–Det er ikkje tvil om at skulen treng både større plass og betre vedlikehald. Vi har sjølve opplevd mangelen på plass og utstyr, og fått dårlege relasjonar til det å ha gym, seier Strandos.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!