Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Jan Erik B. Søreide (bak) frå Østerbø Maskin fortel at han er imponert over idéen til gutane. (f.v) Patrick Fredriksen, Gaute Refsdahl Fossen, Pet-Siam Stølen, Peter Oppedal Vevle, Bendik Strømmen Bøyum og Thristan Ullebø.

Ungdom var samla til entreprenørskapsdag

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 21. juni 2019

– Det hadde vore gøy om vi klarte å finne opp noko som andre kan bruke, seier Patrick Fredriksen, Gaute Refsdahl Fossen, Pet-Siam Stølen, Peter Oppedal Vevle, Bendik Strømmen Bøyum og Thristan Ullebø.


Dei var blant elevane som deltok på Entreprenørskapsdagen som var arrangert i Høyanger for første gong denne veka, i regi av Høyanger vidaregaånde skule og Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane. I alt åtte lokale bedrifter var inviterte for å presentere seg og leggje fram konkrete oppdrag som elevane kunne prøve seg på og bruke som utgangspunkt for elevbedrifta si; Høyanger kommune, Hydro, Nyrstar, Compilo, Bilfinger, Multivolt, Østerbø Maskin og Osland Havbruk.

Utarbeide konsept

Etterpå vart elevane sett i grupper til idémyldring, for å utarbeide konsept og forslag til forretningsidéar. Rundt eit av borda satt ei gruppe med seks gutar som alle går første året på elektrolinja ved Høyanger vidaregåande skule. Dei hadde kome fram til noko dei meinte var ei god løysing for reingjering av opp til åtte meter høge fiskekar både med og utan fisk, som var noko Østerbø Maskin i Bjordal ønskte ei problemløysing på.

– Vi har tenkt på ein type børste med ein høgtrykkspyler og eit avsug, slik at når ein vaskar så forsvinn ikkje all skiten ned i tanken, men blir teken opp i avsuget og gjennom eit filter. Vi ønskje å gjere den så liten som mogeleg i høve til fiskane som er der. Av dei problemstillingane som dei ulike bedriftene la fram var dette den vi følte at vi fann flest løysingar på, fortel elevane til Ytre Sogn.

Imponert direktør

Invitert til entreprenørskapsdagen var også administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge, Grete Ingeborg Nykkelmo, som var imponert over kva skulen i Høyanger har fått til.

– Eg er imponert over initiativet til skulen som i dag er veldig gode på dette med ungt entreprenørskap i utdanninga, og som har ambisjonar om å bli endå betre, noko vi tykkjer er strålande, seier ho.

Les meir om saka i Ytre Sogn fredag!

Administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge, Grete Ingeborg Nykkelmo, som var imponert over kva skulen i Høyanger har fått til.
Åtte lokale bedrifter var representert på Entreprenørskapsdagen; Bilfinger, Hydro, Osland Havbruk, Multivolt, Compilo, Nyrstar, Høyanger kommune og Østerbø Maskin. Representanten frå Høyanger kommune var ikkje til stade då bilete vart teke.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord