Ulrikke (29) flytta heim til konditorjobb


Etter å ha budd og jobba på Austlandet i fleire år melde tanken seg om å flytte heim hos Ulrikke Lie (29). Og då ho også fekk tilbod om jobb der ho fekk bruke utdanninga som konditor var i grunn valet lett.

- Til helga har vi fått bestilling på ikkje mindre enn sju kaker. Så det er meir enn nok å gjere, seier 29-åringen frå Kyrkjebø og smiler.

Vi er på kjøkenet i det tradisjonsrike sentrumshotellet, der Ulrikke Lie held på og pyntar sjokoladedessertar. Sidan 1. mars i år har Høyanger Hotell vore arbeidsplassen henanr, etter å ha budd vekke i snart ti år.

- Om nokon hadde sagt til meg den gong eg gjekk ut av vidaregåande skule her at eg kom til å flytte tilbake no, ville eg nok ikkje trudd på det. Men no kjennest det i alle fall godt å vere komen heim, seier Ulrikke, og fortel at ho har sakna både plassen, familien og venene som enno bur her.

- Fleire av barndomsvenene mine frå Kyrkjebø og Høyanger bur her framleis. Og dei som ikkje gjer det er i bergensområdet, som jo ikkje er lange turen unna, seier ho og tykkjer det er flott at hotellet satsar på eigen konditor, noko det ikkje har hatt tidlegare.

- Eg vil nok også ha andre oppgåver knytt til hotelldrifta. Men det blir nok mest på kjøkenet eg skal vere. I tillegg til det som skjer på hotellet, har vi jo også tilbod om catering, det vil seie at folk kan bestille mat som vi køyrer ut - også kaker og dessertar, seier ho og smiler.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!