Tykkjer det startar i feil ende


Under formannskapsmøte i Høyanger onsdag var representantar frå vindkraftutbyggjar Fred. Olsen Renewables (FOR) til stades for å orientere om deira planar for vindkraft i Høyanger kommune.

Til Ytre Sogn fortel ordførar Petter Sortland at det var ei grei og sakleg orientering om planane i Høyanger og i fjellområda i Viksdalen.
- Slik spelereglane er blitt på dette så orienterer dei oss og snakkar med andre. Vårt ankerpunkt i denne saka og noko som ikkje har forandra vårt syn på at vi meiner det er å starte i feil ende. Ikkje berre frå Fred. Olsen sine folk, men og frå styresmaktene si side. For regjeringa seier at dei vil leggje til rette for at ein skal ha lønsam vindkraft på land i Norge og at det er viktig for klima og det grøne skiftet. Det kan hende at alt dette er rett, men måten dei burde gjort det på var å invitere norske kommunar slik at dei kunne peika på område som dei sjølve meinte var lite konfliktfylte og som eigna seg til vindkraft, seier Sortland.

Orienteringa i formannskapet starta med ein kort presentasjon av selskapet. Deretter informerte dagleg leiar Anders Bade og produktutviklar Kjetil Bjørndalen Traaen om vindkraft blant anna om kvifor vindkraft i Høyanger og Gaular kommunar, og kva kommunar og lokalsamfunn sit igjen med av eit vindkraftprosjekt.

Les meir om saka i Ytre Sogn fredag!