Tunnelentreprenør får dagbøter


Frå måndag denne veka byrja dagbøtene å løpe for entreprenøren VVB Engineering Ltd i Høyangertunnelen, på grunn av store forseinkingar i arbeidet.

– Dei skulle eigentleg ha vore ferdige med elektroarbeidet i tunnelen måndag denne veka. Sidan dei ikkje er det byrja dagbøtene å løpe, frå same dagen, stadfestar prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen overfor Ytre Sogn.

Bøtene ligg på 20.000 kroner per dag.

– Vi kan krevje tilbake inntil 10 prosent av kontraktssummen, det vil seie at vi kan ta inn 2,8 millionar kroner i dagbøter, seier han.

Les meir i Ytre Sogn fredag!