«Tunnelen» var mest sett på Høyanger kino i 2019


Høyanger kino har hatt ein nedgang i besøkstalet i 2019, noko som kan skuldast færre framsyningar. Kinoansvarleg Angelika Ludwig er likevel nøgd med besøket.

– Det har jamt over vore eit godt kinoår også i 2019, seier kinoansvarleg Angelika Ludwig til Ytre Sogn.

– Vi har hatt 13 færre framsyningar, noko som kan forklare eit lågare besøkstal i 2019 samanlikna med 2018.

I 2018 var besøkstalet 7400, i 2019 var det 6082 fordelt på 173 framsyningar. Slik vi forstår det konkurrerer kinoen med fleire straumetenester og til dømes Netflix som folk kan sjå heime. Likevel sluttar publikum godt opp om kinoen når det er gode filmar som går.

«Tunnelen» var den mest sette filmen på Høyanger kino i 2019. 414 fekk med seg den. Dette kan skuldast at den har vore filma i regionen vår, meiner Ludwig.

– At vi har mange tunnelar i nærområdet vårt, der tilsvarande tragiske uhell kan skje, har nok også vore medverkande til at denne filmen fekk størt besøkstal.

Les meir om kinoåret 2019 i siste utgåve av Ytre Sogn!