Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

Det nærmar seg slutten på tunnelarbeidet i Vadheim for Hæhre og anleggsleiar Martin Johnsen (t.v.). T.h. byggjeleiar Svein Rune Vie hos Statens vegvesen.

Tunnelarbeidet ferdig to månader før tida

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 22. november 2019

Entreprenøren hadde fram til 1.mars å bli ferdig med arbeidet i Vadheimstunnelen. No er det klart at det skjer allereie 1.januar, altså to månader før tida.

– Vi kunne blitt ferdig endå tidlegare. Men grøftearbeidet inni tunnelen vart meir omfattande enn vi hadde trudd. Det vart mykje pigging og sprenging. Difor ser det no ut til at vi blir ferdige til nyttår i staden, seier Martin Johansen, anleggsleiar hos Hæhre, til Ytre Sogn.

Det betyr at entreprenøren er ferdig to månader innan fristen som Statens vegvesen gav dei, som var 1. mars.

– Strategien har vore å ha fleire aktivitetar gåande samtidig, til dømes vatn- og frostsikring, trekkerøyrsgrøfter og betongarbeid. Det er meir rasjonelt å drive slik, og difor blir vi også ferdige tidlegare, seier Johnsen.

Siste vekene har dei også arbeidd både om dagen og om natta.

– Men no blir det slutt på arbeid om dagen, for det meste i alle fall. Det er mogleg at vi må gjere litt no og då, men berre om vi er nøydde til det. I så fall vil vi bruke same kolonnevindauga som vi har gjort til no, seier han.

Det som no står att å gjere i tunnelen før dei kan ta juleferie er å fresing, asfaltering, vegmerking og skilting.

– Kan hende blir det litt etterarbeid når ferien er over 6.januar. Men det er i så fall ikkje mykje. Vi satsar som sagt på å vere ferdige til nyttår, seier Johnsen.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord