Tunnelarbeidet ferdig til påske


–Alt arbeid inne i Høyangertunnelen vil vere ferdig til påske neste år. Då blir det fri ferdsel, seier Sveinung Hovland, prosjektleiar i Statens vegvesen, til Ytre Sogn.

Hovland seier at dei no har fått på plass lys i heile tunnelen. Det som står att er støyping og sveising av fiber.
–Dette er arbeid som pågår bak veggane, og er noko som bilstane ikkje ser.

–Det er lagt opp til kolonnekøyring frå 3. januar og i to veker framover. Deretter kjem stengingane til å bli meir sporadiske fram til det blir fri ferdsle frå påske.

Les meir i siste utgåve avYtre Sogn!